AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Det arabiske språket

Det arabiske språket er eit av dei viktigaste språka i verda. Meir enn 300 millionar menneske snakkar arabisk. Dei bur i meir enn 20 forskjellige land. Arabisk høyrer til dei afro-asiatiske språka. Det oppsto for fleire tusen år sidan. Fyrst vart det brukt på den arabiske halvøya. Deirfrå har det sidan breidd seg utover. Munnleg arabisk er ganske ulikt standardspråket. Og det finst mange ulike arabiske dialektar. Du kan seie at det blir snakka annleis i kvar region. Brukarar som pratar ulike dialektar, forstår ofte ikkje kvarandre. Difor blir filmar frå arabiske land oftast dubba. Berre på den måten er det mogleg å skjøne dei i heile språkområdet. Klassisk høgarabisk blir knapt tala i dag. Du finn det berre som skrift. Bøker og aviser brukar klassisk standardarabisk. I dag er det ikkje eitt einskilt arabisk fagspråk. Difor kjem faguttrykka oftast frå andre språk. Her dominerer fransk og engelsk over andre. Interessa for arabisk har stige mykje dei siste åra. Fleire og fleire vil lære arabisk. På kvart universitet og på mange skular er det kurstilbod. Mange menneske synest arabisk skrift er spesielt fascinerande. Ho blir skriven frå høgre mot venstre. Uttala og grammatikken i arabisk er ikkje veldig enkel. Det er mange lydar og reglar som ikkje finst på andre språk. Når du studerer, bør du fylgje ei viss rekkjefylgje. Fyrst uttala, så grammatikken, så skrifta...

text before

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.