AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Betre konsentrasjon = betre læring

Når vi lærer noko, må vi konsentrere oss. Heile merksemda vår må vere retta mot ein ting. Evna til å konsentrere seg er ikkje arveleg. Vi må fyrst lære å konsentrere oss. Det skjer vanlegvis i barnehagen eller skulen. Når dei ser seks år gamle, kan born konsentrere seg i om lag 15 minutt. Ungdom på 14 år kan konsentrere seg dobbelt så lenge. Konsentrasjonsfasen hjå vaksne varar om lag 45 minutt. Etter eit visst tidsrom søkk konsentrasjonen. Då mistar elevane interessa for stoffet. Det kan òg hende at dei blir trøytte eller stressa. Då blir det mykje vanskelegare å lære. Minnet greier ikkje hugse stoffet så godt. Men du kan betre konsentrasjonen din! Det er veldig viktig at du har sove nok før du skal lære. Den som er trøytt, kan berre konsentrere seg ei lita stund. Hjernen vår gjer fleire feil når vi er trøytte. Kjenslene våre verkar òg inn på konsentrasjonen. Den som vil lære effektivt, bør vere i ei nøytral sinnsstemning. For mange positive eller negative kjensler hindrar læringa. Sjølvsagt kan du ikkje alltid kontrollere kjenslene dine. Men du kan prøve å sjå bort frå dei når du studerer. Den som vil vere konsentrert, må vere motivert. Når vi lærer, bør vi alltid ha målet for auga. Berre då er hjernen klar til å konsentrere seg. Rolege omgjevnader er òg viktig for konsentrasjonen. Og: Du bør drikke mykje vatn når du lærer, det held deg vaken. Den som hugsar på alt dette, kan sikkert konsentrere seg lenge!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.