AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språk og matematikk

Tankar og språk høyrer saman. Dei påverkar kvarandre gjensidig. Språklege strukturar pregar tankestrukturane våre. I nokre språk finst det til dømes ingen ord for tal. Språkbrukarane forstår ikkje konseptet tal. Og matematikk og språk høyrer samen på ein måte. Grammatiske og matematiske strukturar er ofte like. Nokre forskarar trur at dei også blir handsama likt. Dei trur at språksenteret òg er ansvarleg for matematikk. Det kan hjelpe hjernen å gjere utrekningar. Men nye studiar har kome til andre slutningar. Dei syner at hjernen vår handsamar matematikk utan språk. Forskarane undersøkte tre menn. Hjernane deira var skada. Difor var språksenteret skada. Mennene hadde store problem med å snakke. Dei kunne ikkje lenger formulere enkle setningar. Og dei kunne ikkje forstå ord heller. Etter språktesten skulle mennene løyse rekneoppgåver. Nokre av desse matematiske nøttene var særs innvikla. Likevel greidde forsøkspersonane å løyse dei! Resultata av denne studien er særs interessante. Det syner at matematikken ikkje blir koda med ord. Det kan hende at språk og matematikk har same opphav. Båe blir handsama i same senteret. Men matematikk treng ikkje omsetjast til språk fyrst. Kanskje utvikla språk og matematikk seg saman òg... Og når hjernen er ferdig utvikla, eksisterer dei kvar for seg!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.