AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språka i den Europeiske Unionen

I dag er det meir enn 25 statar i den Europeiske Unionen. I framtida vil det vere endå fleire land i EU. Eit nytt land tyder vanlegvis eit nytt språk til. For tida blir det brukt meir enn 20 ulike språk i EU. Alle språka i den Europeiske Unionen er likeverdige. Dette språklege mangfaldet er fascinerande. Men det kan òg føre til problem. Skeptikarar meinar at dei mange språka er til hinder for EU. Dei hindrar eit effektivt samarbeid. Nokre tenkjer at det burde vere eitt felles språk. Alle landa burde kunne kommunisere på dette språket. Men det er ikkje så enkelt. Du kan ikkje utnemne noko språk til einaste offisielle språk. Dei andre landa ville føle seg forbigåtte. Og det finst ikkje noko verkeleg nøytralt språk i Europa... Og eit konstruert språk som esperanto ville heller ikkje fungere. Fordi kulturen til eit land speglar seg i språket. Difor ville ikkje noko land ta til seg dette språket. Landa ser språket som ein del av identiten sin. Språkpolitikk er eit viktig punkt på dagsordenen i EU. Det finst til og med ein eigen komissær for fleirspråklegheit. EU har mest omsetjarar og tolkar i verda. Om lag 3.500 menneske arbeider for å få til avtaler. Men ikkje alle dokument kan omsetjast. Det ville ta for mykje tid og pengar. Dei fleste papira blir berre omsette til eitt språk. Dei mange språka er ei av hovudutfordringane i EU. Europa skal sameine seg utan å miste dei mange identitetane sine!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.