AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Korleis du lærer to språk på likt

Framandspråk blir stadig viktigare i dag. Mange menneske lærer eit framandspråk. Men det finst mange interessante språk i verda. Difor lærer nokre menneske fleire språk på ein gong. Når born veks opp som tospråklege, er det vanlegvis ikkje noko problem. Hjernen lærer båe språka automatisk. Når dei blir større, veit dei kva som høyrer til kvart språk. Tospråklege kjenner dei typiske kjenneteikna på båe språka. Hjå vaksne er det annleis. Dei kan ikkje lære to språk samstundes like lett. Dei som vil lære to språk på likt, bør fylgje nokre reglar. Fyrst er det viktig å samanlikne språka med einannan. Språk som høyrer til same språkfamilie, er ofte ganske like. Det kan føre til at vi blandar dei. Difor er det fornuftig å analysere båe språka nøye. Du kan til dømes skrive ei liste. Der kan du skrive opp likskapar og skilnader. Så må hjernen arbeide intensivt med båe språka. Han hugsar betre kva som er spesielt med båe språka. Du bør òg bruke eigne farger og mapper for kvart språk. Det hjelper til å skilje klårt mellom språka. Når du lærer to ulike språk, er det annleis. Ved særs ulike språk er det ingen fare for blanding. Her er det større fare for å samanlikne språka med einannan! Det ville vere betre å samanlikne dei med morsmålet. Når hjernen kjenner att kontrasten, lærer han meir effektivt. Det er òg viktig at båe språka blir lært like intensivt. I teorien spelar det inga rolle for hjernen, kva språk han lærer...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.