AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Det spanske språket

Spansk er eitt av verdsspråka. Det er morsmål for meir enn 380 millionar menneske. I tillegg er det andre språk for svært mange menneske. Dermed er spansk eitt av dei viktigaste språka på planeten. Og det er det største av alle dei romanske språka. Dei spansktalande sjølve kallar språket sitt español eller castellano. Omgrepet castellano fortel kor det spanske språket kjem frå. Det utvikla seg frå daglegtalen i Castilla. Dei fleste spanjolar tala kastiljansk så tidleg som det 16. hundreåret. I dag blir omgrepa español og castellano brukt om einannan. Men dei kan òg vere politisk lada. Spansk vart utbreidd gjennom erobringar og kolonisering. Spansk blir òg tala i Vest-Afrika og på Filippinane. Dei fleste spanskspråklege menneske bur i Amerika. I Mellom- og Sør-Amerika er spansk det største språket. Men òg i USA veks talet på spanskspråklege. Om lag 50 millionar menneske i USA talar spansk. Det er fleire enn i Spania! Spansk i Amerika skil seg frå spansk i Europa. Desse skilnadene ser vi mest i ordtilfanget og grammatikken. I Amerika brukar dei til dømes ei anna fortidsform. Det er òg mange skilnader i ordtilfanget. Nokre ord finst berre i Amerika, andre berre i Spania. Men spansken er ikkje einskapleg i Amerika heller. Det finst forskjellige variantar av amerikansk spansk. Etter engelsk er spansk det mest studerte framandspråket i verda. Og det er nokså snøgt å lære. Kva ventar du på? - ¡Vamos!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.