AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Det kinesiske språket

Kinesisk er språket med flest brukarar i verda. Men det finst ikkje eitt einskilt kinesisk språk. Det finst fleire kinesiske språk. Dei høyrer alle til den sino-tibetanske språkfamilien. Til saman talar om lag 1,3 milliardar menneske kinesisk. Dei fleste av desse bur i folkerepublikken Kina og i Taiwan. Det finst også mange land med kinesiskspråklege minoritetar. Det største kinesiske språket er høgkinesisk. Dette standardiserte høgnivåspråket blir òg kalla mandarin. Mandarin er det offisielle språket i folkerepublikken Kina. Dei andre kinesiske språka blir ofte kalla dialektar. Mandarin blir også brukt i Singapore og Taiwan. Mandarin er morsmål for 850 millionar menneske. Men det blir forstått av nesten alle kinesisktalande menneske. Difor brukar folk med ulike dialektar mandarin til kommunikasjon. Alle kinesarar har ei felles skrift. Den kinesiske skrifta er 4.000 til 5.000 år gamal. Dermed har kinesisk den lengste litterære tradisjonen. Andre asiatiske kulturar har òg teke i bruk den kinesiske skrifta. Kinesiske skriftteikn er vanskelegare enn alfabetsystem. Men munnleg kinesisk er ikkje så komplisert. Grammatikken er relativt rask å lære. Difor kan studentar gjere raske framsteg. Og fleire og fleire menneske vil lære kinesisk! Som framandspråk blir det viktigare og viktigare. Det er tilbod om kinesiskkurs overalt i dag. Kast deg utpå du òg! Kinesisk er språket for framtida...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.