AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Store bokstavar, store kjensler

I reklame er det mange bilete. Bilete vekkjer interessa vår spesielt. Vi ser på dei lengre og meir konsentrert enn på bokstavar. Difor hugsar vi reklamar med bilete betre. Og bilete kan vekkje sterke kjensler. Hjernen kjenner att bilete særs snøgt. Han veit med ein gong kva han ser på biletet. Bokstavar fungerer annleis enn bilete. Dei er abstrakte teikn. Difor reagerer hjernen vår saktare på bokstavar. Han må fyrst forstå kva ordet tyder. Du kan seie at teikna må omsetjast av språksenteret i hjernen. Men du kan uttrykkje kjensler med bokstavar òg. Teksten må berre vere veldig stor. Studiar viser at store bokstavar har stor verknad. Store bokstavar er ikkje berre lettare å sjå enn små. Dei gjev òg sterkare emosjonelle reaksjonar. Det gjeld både for positive og negative kjensler. Storleiken på ting har alltid vore viktig for menneska. Menneske må reagere fort på farar. Og noko er stort, er det vanlegvis ganske nært! Så det er forståeleg at store bilete gjev sterke reaksjonar. Det er ikkje så klart kvifor vi reagerer på store bokstavar. Bokstavar er eigentleg ikkje eit signal til hjernen. Likevel viser han større aktivitet når han ser større bokstavar. Dette resultatet er særs interessant for forskarar. Det viser kor viktige bokstavane har vorte for oss. På ein eller annan måte har hjernen lært å reagere på skrift...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.