AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Eitt språk, mange variantar

Sjølv om vi berre snakkar eitt språk, snakkar vi mange språk. Fordi ingen språk er lukka system. I kvart språk finn vi mange ulike dimensjonar. Språket er eit levande system. Språkbrukarane tilpassar seg alltid samtalepartnaren sin. Difor varierer menneske det språket dei snakkar. Desse variantane viser seg i ulike former. Til dømes har kvart språk ei historie. Ho har forandra seg, og vil halde fram med å forandre seg. Det skjønar du på at gamle menneske snakkar annleis enn unge. Og i dei fleste språk finst det ulike dialektar. Mange dialektbrukarar kan tilpasse seg omgjevnadene sine. I visse situasjonar brukar dei standardspråket. Ulike sosiale grupper har ulike språk. Ungdomsspråket eller jegerspråket er døme på det. Dei fleste menneske snakkar annleis på jobb enn dei gjer heime. Mange brukar ein fagsjargong på jobben. Det er òg skilnader på munnleg og skriftleg språk. Talespråket er vanlegvis mykje enklare enn skriftspråket. Denne skilnaden kan vere ganske stor. Det er tilfellet når skriftspråka ikkje endrar seg på lang tid. Då må brukarane fyrst lære å bruke språket skriftleg. Ofte er språket til menn og kvinner ulikt. I vestlege samfunn er ikkje skilnaden så stor. Men det finst land der kvinner pratar heilt annleis enn menn. I fleire kulturar har òg høflegheit eigne språklege former. Å snakke er dermed slett ikkje så lett! Vi må vere merksame på fleire ting på likt...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.