AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Morsmål = emosjonelt, framandspråk = rasjonelt?

Når vil lærer nye språk, stimulerer vi hjernen vår. Gjennom læringa forandrar tankane våre seg. Vi blir meir kreative og fleksible. Komplekse tankar fell lettare for fleirspråklege. Minnet får trening når vi lærer. Di meir vi lærer, di betre fungerer det. Den som har lært mange språk, lærer og andre ting fortare. Han kan konsentrere seg i lengre tid om eit emne. Difor løyser han problem snøggare. Fleirspråklege menneske er flinkare til å bestemme seg. Men korleis dei bestemmer seg, avheng av språk. Språket vi tenkjer på, verkar inn på avgjerdene våre. Psykologar undersøkte fleire forsøkspersonar i ein studie. Alle forsøkspersonane var tospråklege. Dei prata eitt språk til i tillegg til morsmålet sitt. Forsøkspersonane måtte svare på eit spørsmål. Spørsmålet var om løysinga på eit problem. Forsøkspersonane måtte velje mellom to alternativ. Eitt val var tydeleg meir risikabelt enn det andre. Forsøkspersonane måtte svare på spørsmålet på båe språka. Og svara endra seg når språket endra seg! Når dei svara på morsmålet sitt, valde dei risikoen. På framandspråket valde dei det sikre alternativet. Etter dette eksperimentet måtte forsøkspersonane vedde. Her òg var det ein klar skilnad. Når dei brukte framandspråket, var dei meir fornuftige. Forskarane går ut frå at vi er meir konsentrerte når vi brukar framandspråk. Difor bestemmer vi oss ikkje med hjelp av kjenslene, men med fornuften...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.