AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Maskinomsetjingar

Den som vil ha omsett ein tekst, må oftast betale mykje pengar. Profesjonelle tolkar eller omsetjarar er dyre. Trass dette er det viktigare enn før å forstå andre språk. Dette problemet vil informatikarar og data-språkforskarar løyse. Dei har lenge arbeidd med å utvikle omsetjingsverkty. I dag finst det mange slike program. Dei maskinelle omsetjingane er oftast ikkje særleg gode. Men programmerarane har ikkje skulda for det! Språk er særs komplekse strukturar. Datamaskiner, derimot, er basert på enkle matematiske prinsipp. Difor kan dei ikkje alltid handtere språk rett. Eit omsetjingsprogram må lære eit språk fullstendig. Difor må ekspertar lære det tusenvis av ord og reglar. Det er i praksis umogleg. Det er lettare å setje ei datamaskin til å rekne. Ho er god til det! Ei datamaskin kan rekne ut kva kombinasjonar som er vanlege. Ho kan til dømes kjenne att kva ord som oftast står ved sidan av kvarandre. Difor må maskina ha tekstar på ulike språk. Slik lærer ho kva som er typisk for ulike språk. Denne statistiske metoden gjer dei automatiske omsetjingane betre. Likevel kan ikkje datamaskiner erstatte menneske. Inga datamaskin kan imitere ein menneskehjerne når det gjeld språk. Omsetjarar og tolkar vil dermed ha arbeid i lange tider framover! I framtida kan datamaskinene omsetje enkle tekstar. Song, poesi og litteratur, derimot, treng eit levande element. Dei treng den menneskelege kjensla for språk. Og det er bra...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.