AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språkutvikling

Kvifor vi snakkar med kvarandre, er ganske klart. Vi vil utveksle idear og forstå einannan. Nøyaktig korleis språket oppsto, er ikkje fullt så klart. Det finst ulike teoriar om det. Det er i alle fall sikkert at språk er eit særs gamalt fenomen. Visse fysiske eigenskapar var ein føresetnad for språk. Dei var naudsynte for at vi skulle kunne lage lydar. Allereie neandertalane hadde evne til å bruke røysta si. Gjennom det var dei annleis enn dyra. I tillegg var ei kraftig, fast røyst ein fordel når dei skulle forsvare seg. Med røysta kunne dei truge eller skremme fiendar. Den gongen fanst det allereie verkty, og elden var teken i bruk. Denne kunnskapen måtte gjevast vidare på ein eller annan måte. Språket var viktig for å kunne jakte i grupper òg. Så tidleg som for to millionar år sidan var det ei grunnleggjande forståing mellom menneske. Dei fyrste språklege elementa var teikn og rørsler. Men menneska ville forstå einannan i mørkret òg. Difor måtte dei kunne snakke med kvarandre utan å sjå kvarandre. Difor utvikla røysta seg, og erstatta teikna. Det vi meinar med språk, er minst 50.000 år gamalt. Då homo sapiens forlet Afrika, spreidde arten seg over heile verda. Språka i ulike område skilde lag. Det vil seie at ulike språkfamiliar oppstod. Rett nok inneheld dei berre grunnlaget for språksystem. Dei fyrste språka var langt mindre innfløkte enn språk i dag. Gjennom grammatikk, fonologi og semantikk vart dei vidareutvikla. Du kan seie at ulike språk har ulike løysingar. Problemet har alltid vore det same: Korleis skal eg vise kva eg tenkjer?

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.