AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Tips for å lære framandspråk

Det er alltid slitsamt å lære eit nytt språk. Uttale, grammatikkreglar og ordforråd krev mykje disiplin. Likevel finst det ulike triks som gjer læringa lettare! Fyrst av alt er det viktig å tenkje positivt. Gled deg over det nye språket og over nye røynsler! Kva du byrjar med, er i prinsippet likegyldig. Finn eit emne som du er spesielt interessert i. Det er fornuftig å konsentrere seg fyrst om å høyre og prate. Seinare les og skriv du tekstar. Lag eit system som passar til deg og kvardagen din. Når du lærer adjektiv, kan du gjerne lære dei motsette adjektiva med det same. Eller heng opp plakatar overalt i huset ditt med ord du vil lære. Du kan bruke lydfiler å høyre på når du driv idrett eller køyrer bil. Om du synest eit emne er særleg vanskeleg, stoppar du opp. Ta ein pause, eller lær om noko anna! Slik mistar du ikkje lysten til å lære det nye språket. Det er moro å løyse kryssord på det nye språket. Filmar på framandspråket syter for avveksling. Med framandspråklege aviser lærer du mykje om land og folk. På internett finst det mange øvingar som supplerer bøkene bra. Og finn vener som òg synest det er moro med språk. Ikkje studer nytt stoff for seg sjølv, men alltid i samanheng! Repeter stoffet ofte! På denne måten kan hjernen din få innprenta stoffet betre. Den som har fått nok av teori, bør pakke kofferten sin! For du lærer ikkje språket så snøgt nokon stad som hjå morsmålsbrukarar. På reisa di kan du skrive dagbok over det du lærer. Men det viktigaste er dette: Gje aldri opp!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.