AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Romanske språk

700 millionar menneske har eit romansk språk som morsmål. Den romanske språkgruppa høyrer dermed til dei viktigaste i verda. Romanske språk høyrer til i den indoeuropeiske språkfamilien. Alle romanske språk stammar frå latin. Det tyder at dei er etterkomarar av språket i Roma. Grunnlaget for alle dei romanske språka var vulgærlatin. Med det meiner vi talespråket latin i seinantikken. Vulgærlatinen vart breidd utover Europa ved erobringane til romarane. Frå dette språket utvikla dei romanske språka og dialektane seg. Latin er sjølv eit italisk språk. Til saman finst det rundt 15 romanske språk. Det nøyaktige talet er vanskeleg å slå fast. Ofte er det uklart om det handlar om sjølvstendige språk eller dialektar. Nokre romanske språk har døydd ut gjennom tida. Men nye språk på romansk grunnlag har kome til. Det er kreolspråk. I dag er spansk det største romanske språket i verda. Det høyrer til verdsspråka, og har meir enn 380 millionar brukarar. For vitskapsfolk er dei romanske språka særs interessante. Fordi historia til denne språkgruppa er godt dokumentert. Latinske eller romanske tekstar har funnest i 2500 år. Lingvistar bruker dei til å undersøkje korleis dei einskilde språka oppstod. På den måten kan dei undersøkje reglane for korleis språk utviklar seg. Mange av resultata frå forskinga kan overførast til andre språk. Grammatikken til dei romanske språka er bygd over same leist. Fyrst og fremst er ordtilfanget i språka temmeleg likt. Om du pratar eit romansk språk, kan du enkelt lære eit anna. Takk, latin!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.