AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Morsmålsdagen

Elskar du morsmålet ditt? Då bør du feire det for framtida! Og alltid den 21. februar! Det er den internasjonale morsmålsdagen. Sidan 2000 har han vore feira kvart år. UNESCO oppretta dagen. UNESCO er ein organisasjon i Dei sameinte nasjonane (FN). Dei er opptekne av emne kring vitskap, utdanning og kultur. UNESCO vil ta vare på den menneskelege kulturarven. Språk er òg kulturarv. Difor må dei bli verna, dyrka og fremja. Den 21. februar er dagen for språkleg mangfald. Det finst mellom 6000 og 7000 språk i verda. Halvparten av dei er utryddingstruga. Annakvar veke forsvinn eit språk for alltid. Kvart språk er ein dyrebar skatt av kunnskap. Kunnskapen til eit folk er samla i språket deira. Historia til ein nasjon speglar seg i språket. Røynsler og tradisjonar blir òg førte vidare i språka. Difor er morsmålet ein viktig del av den nasjonale identiteten. Når eit språk døyr ut, mistar vi meir enn berre ord. 21. februar er dagen for å minnast alt dette. Menneske bør forstå kor viktige språk er. Og dei bør tenkje over kva dei kan gjere for å ta vare på språk. Så vis språket ditt at det er viktig for deg! Kanskje du kan bake ei kake til språket ditt? Og skriv noko fint med sukkerglasuren. På morsmålet ditt, sjølvsagt!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.