AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Unge menneske lærer annleis enn gamle menneske

Born lærer språk ganske snøgt. Hjå vaksne tek det oftast lengre tid. Men born lærer ikkje betre enn vaksne. Dei lærer berre annleis. Når vi lærer språk, må hjernen klare temmeleg mykje. Han må gjere fleire ting på ein gong. Når du lærer språk, held det ikkje å berre tenkje over det. Du må òg lære å uttale orda. Då må taleorgana lære nye rørsler. Og hjernen må lære å reagere på nye situasjonar. Det er ei utfordring å kommunisere på framandspråk. Men vaksne lærer framandspråk ulikt i kvar livsfase. Når dei er 20 til 30, er folk framleis vande til å lære. Skule eller studiar ligg ikkje så langt bak i tid. Så hjernen er godt trena. Dermed kan han lære framandspråk på særs høgt nivå. Menneske mellom 40 og 50 har allereie lært mykje. Hjernen deira dreg nytte av denne røynsla. Han er god til å kombinere nytt innhald med gamal kunnskap. I denne alderen lærer hjernen best slikt han allereie kan litt om. Det kan til dømes vere språk som liknar på tidlegare lærte språk. Når dei er 60 til 70 år, har folk oftast god tid. Dei kan øve ofte. Det er særs viktig for språk. Eldre menneske lærer til dømes framande skrifter godt. Du kan lære med godt utbyte i ein kvar alder. Hjernen kan framleis lage nye nerveceller etter puberteten. Og det gjer han gjerne...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.