AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Korleis lærer hjernen grammatikk?

Vi byrjar å lære morsmålet vårt allereie som speborn. Det skjer automatisk. Vi merkar det ikkje. Men hjernen må klare mykje når vi lærer. Når vi lærer grammatikk, til dømes, har han mykje arbeid. Kvar dag høyrer han nye ting. Han får støtt nye impulsar. Men hjernen kan ikkje handsame kvar impuls for seg. Han må handle økonomisk. Difor rettar han seg inn mot reglar. Hjernen hugsar det han høyrer ofte. Han registrerer kor ofte ein bestemt ting skjer. Frå desse døma lagar han ein grammatisk regel. Born veit om ein setning er rett eller feil. Men dei veit ikkje kvifor det er slik. Hjernen kjenner att reglane utan å ha lært dei. Vaksne lærer språk på andre måtar. Dei kjenner allereie strukturane i morsmålet sitt. Desse er grunnlaget for nye grammatiske reglar. Men for å lære, treng vaksne undervising. Når hjernen lærer grammatikk, har han eit fast system. Det kan vi sjå med substantiv og verb, til dømes. Dei blir lagra i ulike område i hjernen. Ulike område i hjernen er aktive når dei arbeider med dei. Og enkle reglar blir lært annleis enn vanskelege reglar. Ved komplekse reglar arbeider fleire område i hjernen saman. Nøyaktig korleis hjernen lærer grammatikk, er ikkje forska på enno. Men vi veit at hjernen i teorien kan lære ein kvar grammatikk...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.