AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Frå rørsler til språk

Når vi lærer språk, har hjernen mykje å gjere. Han må handtere dei språklege signala. Rørsler og symbol er språklege signal, dei med. Dei fanst til og med før menneskespråket. Nokre teikn blir forståtte i alle kulturar. Andre må lærast. Du kan ikkje forstå dei i seg sjølv. Rørsler og symbol blir handsama som språk. Og dei blir handsama på same stad i hjernen! Ein ny studie har vist det. Forskarar testa fleire forsøkspersonar. Desse forsøkspersonane skulle sjå ulike videoklipp. Hjerneaktiviteten vart målt medan dei såg klippa. Ein del av klippa uttrykte ulike ting. Det skjedde med rørsler, symbol og språk. Den andre forsøksgruppa såg andre videoklipp. Desse videoane var nonsens-klipp. Språk, rørsler og symbol fanst ikkje. Dei hadde inga meining. I målingane såg forskarane kva som vart handsama kvar. Dei samanlikna hjerneaktiviteten til forsøkspersonane. Alt som hadde meining, vart analysert i same område i hjernen. Resultata frå desse eksperimenta er særs interessante. Dei viser korleis hjernen vår har lært språk over tid. Fyrst kommuniserte mennesket med rørsler. Seinare utvikla det språk. Så hjernen måtte lære å handsame rørsler som språk. Og tydelegvis oppdaterte han berre den gamle versjonen...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.