egypt
AR
belarus
BE
bulgaria
BG
bangladesh
BN
bosnia
BS
spain
CA
czech_republic
CS
germany
DE
greece
EL
usa
EM
great_britain
EN
esperanto
EO
spain
ES
estonia
ET
iran
FA
finnland
FI
france
FR
israel
HE
croatia
HR
hungary
HU
indonesia
ID
italy
IT
japan
JA
georgia
KA
india
KN
south_korea
KO
lithuania
LT
latvia
LV
india
MR
netherlands
NL
norway
NN
india
PA
poland
PL
portugal
PT
brazil
PX
romania
RO
russia
RU
slovakia
SK
serbia
SR
sweden
SV
ukraine
UK
vietnam
VI
china
ZH

Dei afrikanske språka

I Afrika blir det tala særs mange ulike språk. Ikkje noko anna kontinent har så mange forskjellige språk. Mangfaldet av afrikanske språk er imponerande. Vi reknar med at det finst om lag 2.000 afrikanske språk. Men alle desse språka er ikkje like! Tvert imot - ofte er dei heilt ulike! Dei afrikanske språka høyrer til fire ulike språkfamiliar. Nokre afrikanske språk har eigenskapar som er unike i verda. Til dømes finst det lydar som utlendingar ikkje greier å imitere. Landegrensene i Afrika er ikkje alltid språkgrenser. I nokre område er det særs mange ulike språk. I Tanzania, til dømes, blir det brukt språk frå alle fire språkfamiliane. Eit unnatak mellom dei afrikanske språka er afrikaans. Dette språket oppsto i kolonitida. På den tida møtte folk frå ulike kontinent kvarandre. Dei kom frå Afrika, Europa og Asia. Gjennom denne kontaktsituasjonen utvikla det seg eit nytt språk. Afrikaans er påverka av mange språk. Det er mest i slekt med nederlandsk. I dag blir afrikaans brukt mest i Sør-Afrika og Namibia. Det mest uvanlege afrikanske språket er trommespråket. Med trommer kan du i teorien overføre ein kvar bodskap. Dei språka som blir overført med trommer, er tonespråk. Meininga på orda eller stavingane kjem an på tonehøgda. Det tyder at trommene må imitere desse tonane. Til og med born i Afrika forstår trommespråket. Og det er veldig effektivt... Du kan høyre trommespråket på ein avstand opp til 12 kilometer!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2015. All rights reserved.