egypt
AR
belarus
BE
bulgaria
BG
bangladesh
BN
bosnia
BS
spain
CA
czech_republic
CS
germany
DE
greece
EL
usa
EM
great_britain
EN
esperanto
EO
spain
ES
estonia
ET
iran
FA
finnland
FI
france
FR
israel
HE
croatia
HR
hungary
HU
indonesia
ID
italy
IT
japan
JA
georgia
KA
india
KN
south_korea
KO
lithuania
LT
latvia
LV
india
MR
netherlands
NL
norway
NN
india
PA
poland
PL
portugal
PT
brazil
PX
romania
RO
russia
RU
slovakia
SK
serbia
SR
sweden
SV
ukraine
UK
vietnam
VI
china
ZH

Korleis born lærer å snakke rett

Så snart eit menneske er fødd, kommuniserer det med andre. Babyar skrik når dei vil noko. Når dei er eit par månader gamle, kan dei allereie seie nokre enkle ord. Når dei er to år gamle, kan dei seie setningar på om lag tre ord. Du kan ikkje påverke når born byrjar å snakke. Men du kan påverke kor godt dei lærer morsmålet sitt! For å få til det, er det nokre ting du må passe på. Det viktigaste er at barnet som skal lære, alltid er motivert. Barnet må forstå at det oppnår noko når det snakkar. For speborn er eit smil ei positiv tilbakemelding. Større born søkjer dialog med omverda si. Dei rettar seg inn mot korleis menneske rundt dei snakkar. Difor er språkkunna til foreldra og andre oppdragarar viktig. Og born må lære at språket er verdifullt! Difor bør dei alltid ha det moro. Høgtlesing viser borna kor spennande språk kan vere. Foreldre bør gjere det så mykje som mogleg med barnet sitt. Når eit barn opplever mykje, vil det snakke om det. Born som veks opp tospråklege, treng faste reglar. Dei må vite kva språk som kan brukast med kven. Slik kan dei lære å skilje mellom språka. Når borna byrjar på skule, endrar språket deira seg. Dei lærer eit nytt omgangsspråk. Då er det viktig at foreldra passar på korleis barnet deira snakkar. Studiar viser at det fyrste språket pregar hjernen for alltid. Det vi lærer som born, er med oss resten av livet. Den som lærer morsmålet sitt godt, har nytte av det seinare. Han lærer nye ting snøggare og betre - ikkje berre framandspråk...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2015. All rights reserved.