egypt
AR
belarus
BE
bulgaria
BG
bangladesh
BN
bosnia
BS
spain
CA
czech_republic
CS
germany
DE
greece
EL
usa
EM
great_britain
EN
esperanto
EO
spain
ES
estonia
ET
iran
FA
finnland
FI
france
FR
israel
HE
croatia
HR
hungary
HU
indonesia
ID
italy
IT
japan
JA
georgia
KA
india
KN
south_korea
KO
lithuania
LT
latvia
LV
india
MR
netherlands
NL
norway
NN
india
PA
poland
PL
portugal
PT
brazil
PX
romania
RO
russia
RU
slovakia
SK
serbia
SR
sweden
SV
ukraine
UK
vietnam
VI
china
ZH

Læring og lesing

Læring og lesing høyrer saman. Dette gjeld sjølvsagt spesielt når det gjeld å lære framandspråk. Den som vil lære eit nytt språk godt, må lese mange tekstar. Når vi les framandspråkleg litteratur, handsamar vi heile setningar. Hjernen vår lærer ord og grammatikk samanhengande. Det hjelper hjernen til å lagre det nye innhaldet betre. Det er mykje vanskelegare for hjernen å hugse enkeltord. Når vi les, lærer vi kva orda kan tyde. Då utviklar vi ei kjensle for det nye språket. Sjølvsagt bør ikkje den framandspråklege litteraturen vere for vanskeleg. Moderne noveller eller kriminalromanar er ofte underhaldande. Dagsaviser har den fordelen at dei alltid er aktuelle. Barnebøker og teikneseriar eignar seg òg godt for språklæring. Bileta lettar forståinga for det nye språket. Uansett kva litteratur du vel - han bør vere underhaldande! Det tyder at det bør skje mykje i historia, slik at språket er variert. Viss du ikkje finn noko, kan spesielle lærebøker brukast. Det finst mange bøker med lette tekstar for nybyrjarar. Det viktige er at du alltid brukar ei ordbok når du les. Når du ikkje forstår eit ord, bør du slå det opp. Hjernen vår er aktivert når vi les, og lærer snøgt nye ord. For alle ord du ikkje forstår, blir det lagra ei fil. På denne måten kan du gå gjennom ord ofte. Det hjelper òg å merke nye ord med markeringstusj. Neste gong kjenner du att ordet med ein gong. Den som les framandspråk dagleg, vil gjere snøgge framsteg. Det er fordi hjernen lærer snøgt å imitere det nye språket. Det kan hende at du av og til tenkjer på det nye språket...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2015. All rights reserved.