egypt
AR
belarus
BE
bulgaria
BG
bangladesh
BN
bosnia
BS
spain
CA
czech_republic
CS
germany
DE
greece
EL
usa
EM
great_britain
EN
esperanto
EO
spain
ES
estonia
ET
iran
FA
finnland
FI
france
FR
israel
HE
croatia
HR
hungary
HU
indonesia
ID
italy
IT
japan
JA
georgia
KA
india
KN
south_korea
KO
lithuania
LT
latvia
LV
india
MR
netherlands
NL
norway
NN
india
PA
poland
PL
portugal
PT
brazil
PX
romania
RO
russia
RU
slovakia
SK
serbia
SR
sweden
SV
ukraine
UK
vietnam
VI
china
ZH

Korleis hjernen lærer nye ord

Når vi lærer nye ord, lagrar hjernen vår nytt innhald. Læringa verkar rett nok berre ved konstant repetisjon. Kor godt hjernen vår lagrar ord, kjem an på fleire faktorar. Det viktigaste er at vi går gjennom ordforrådet med jamne mellomrom. Berre dei orda vi les eller skriv ofte, blir lagra. Du kan seie at desse orda blir arkivert som eit bilete. Dette prinsippet gjeld like mykje hjå aper. Aper kan lære å "lese" ord dersom dei ser dei ofte nok. Sjølv om dei ikkje kan forstå orda, kjenner dei att forma. For å prate eit språk flytande, treng vi mange ord. Difor må ordforrådet vere godt organisert. Fordi minnet vårt fungerer som eit arkiv. For å finne eit ord snøgt, må minnet vite kvar det skal leite. Difor er det betre å lære ord i ein viss kontekst. Slik kan minnet vårt alltid finne den rette "mappa". Men til og med det vi har lært godt, kan gå i gløymeboka. I slike tilfelle går kunnskapen frå det aktive til det passive lageret. Når vi gløymer, frigjer vi oss frå kunnskap vi ikkje treng. Det er slik hjernen lagar plass for nye og viktigare ting. Difor er det viktig at vi aktiverer kunnskapen vår med jamne mellomrom. Det som er i det passive lageret, er ikkje tapt for alltid. Når vi ser eit gløymt ord, hugsar vi det att. Det du har lært ein gong, lærer du snøggare andre gong. Den som vil utvide ordforrådet sitt, må utvide hobbyane sine òg. Fordi kvar einskild av oss har visse interesser. Difor er vi mest opptekne av dei same tinga. Men eit språk har mange ulike ordfelt. Så den som er interessert i politikk, burde òg lesa sportsartiklar no og då!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2015. All rights reserved.