AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Kvifor finst det så mange ulike språk?

I dag er det meir enn 6.000 språk i verda. Difor treng vi tolkar og omsetjarar. For svært lenge sidan prata alle framleis det same språket. Det endra seg då folk byrja å vandre ut. Dei forlét det afrikanske heimlandet sitt, og breidde seg ut over jorda. Denne avstanden i rom førte til avstand i språk òg. Fordi kvart folkeslag utvikla si eiga form for kommunikasjon. Mange ulike språk utvikla seg frå eit felles proto-språk. Men mennesket vart aldri verande på same stad lenge. Så språka vart stendig meir skilde frå kvarandre. Ein stad på vegen vart det uråd å kjenne att noko felles rot. Og ikkje noko folkeslag levde isolert i fleire tusen år. Det var alltid kontakt med andre folkeslag. Det endra språka. Dei tok til seg element frå andre språk, eller dei blanda seg. Difor stoppa aldri språkutviklinga. Vandringar og kontakt forklarar dermed kvifor det er så mange språk. Kvifor språka er så ulike, er eit anna spørsmål. Kvar utviklingshistorie fylgjer visse reglar. At språka er slik dei er, må altså ha grunnar. Vitskapsfolk har lenge vore interesserte i desse grunnane. Dei vil vite kvifor språka utviklar seg ulikt. For å finne ut det, må dei fylgje historia til språka. Slik kan dei finne ut kva som endra seg når. Men dei veit ikkje enno kva som verkar inn på språkutviklinga. Kulturelle faktorar ser ut til å vere viktigare enn biologiske. Det vil seie at historia til eit folk formar språket deira. Tydelegvis fortel språka oss meir enn vi veit...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.