AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Indonesia, landet med mange språk

Republikken Indonesia er eitt av dei største landa i verda. Om lag 240 millionar menneske bur i øystaten. Desse menneska høyrer til mange ulike folkegrupper. Det er rekna med at det finst om lag 500 ulike folkegrupper i Indonesia. Desse gruppene har mange ulike kulturelle tradisjonar. Og dei pratar mange ulike språk! Om lag 250 ulike språk blir tala i Indonesia. I tillegg kjem mange dialektar. Språka i Indonesia blir oftast klassifisert etter folkegruppe. Det finst til dømes javanesisk eller balinesisk. Dette mylderet av språk fører sjølvsagt til vanskar. Dei hindrar ein effektiv økonomi og administrasjon. Difor vart det innført eit nasjonalspråk i Indonesia. Sidan dei vart uavhengige i 1945, har Bahasa Indonesia vore offisielt språk. Det blir lært jamsides morsmålet i alle skular. Likevel snakkar ikkje alle innbyggjarar i Indonesia dette språket. Berre om lag 70% av indonesarane meistrar Bahasa Indonesia. Og Bahasa Indonesia er morsmål for "berre" 20 millionar menneske. Difor er dei mange regionale språka framleis særs viktige. Indonesia er spesielt interessant for språkelskarar. Det er fordi det har mange fordelar å lære indonesisk. Språket er rekna for å vere relativt lett. Grammatikkreglane kan du lære snøgt. Du kan få god rettleiing om uttale frå skrivemåten. Rettskrivinga er heller ikkje vanskeleg. Mange indonesiske ord kjem frå andre språk. Og: Indonesisk vil snart bli eitt av dei viktigaste språka... Det er nøgda av grunnar til å byrje å lære, ikkje sant?

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.