AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språk og ordspråk

I alle språk finst det ordspråk. Dermed er ordspråk ein viktig del av den nasjonale identiteten. Ordspråka viser verdiane og normene i eit land. Forma deira er allmennt kjent og fastlagt, og blir altså ikkje endra. Ordspråka er alltid korte og poengterte. Ofte blir det brukt metaforar i dei. Fleire ordspråk er òg poetisk oppbygde. Dei fleste ordspråka gjev oss råd eller reglar for åtferd. Mange ordspråk gjev òg tydeleg kritikk. I tillegg brukar ordspråka ofte stereotypar. Det handlar altså om det vi ser som typisk med andre land eller folk. Ordspråka har særs lange tradisjonar. Aristoteles verdsette dei som korte filosofiske stykke. I retorikken og litteraturen er dei viktige verkemiddel. Det merkelege er likevel at dei alltid er aktuelle. I lingvistikken er det ei eiga grein berre for ordspråk. Mange ordspråk finst på fleire språk. Dermed kan dei vera leksikalsk like. I desse tilfella brukar ulike språkbrukarar dei same orda. Bellende Hunde beißen nicht, Perro que ladra no muerde. (DE-ES) Andre ordspråk er semantisk like. Det tyder at det same innhaldet blir formidla med andre ord. Appeler un chat un chat, Dire pane al pane e vino al vino. (FR-IT) Ordspråka hjelper oss på den måten å forstå andre folk og kulturar. Internasjonale ordspråk er særs interessante. Der handlar det om «store» emne frå menneskelivet. Desse ordspråka handsamar altså allmenne røynsler. Dei viser: Vi er alle like, uansett kva språk vi snakkar!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.