AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Slaviske språk

Slaviske språk er morsmål for 300 millionar menneske. Dei slaviske språka høyrer til den indoeuropeiske språkgruppa. Det finst om lag 20 slaviske språk. Det største av dei er russisk. Meir enn 150 millionar pratar russisk som morsmål. Så fylgjer polsk og ukrainsk, med om lag 50 millionar brukarar kvar. I språkvitskapen blir dei slaviske språka delte i fleire undergrupper. Det finst vestslaviske, austslaviske og sørslaviske språk. Dei vestslaviske språka er polsk, tsjekkisk og slovakisk. Russisk, ukrainsk og kviterussisk er dei austslaviske språka. Dei sørslaviske språka er serbisk, kroatisk og bulgarsk. Ved sidan av desse finst det mange fleire slaviske språk. Men desse blir tala av relativt få menneske. Dei slaviske språka stammar frå eit felles opphavsspråk. Dei einskilde språka har utvikla seg nokså seint frå dette opphavsspråket. Dei er altså yngre enn dei germanske og romanske språka. Størstedelen av orda i dei slaviske språka liknar kvarandre. Det kjem av at dei fyrst nokså seint skilde lag. Frå eit vitskapleg synspunkt er dei slaviske språka konservative. Det tyder at dei framleis inneheld mange gamle strukturar. Andre indoeuropeiske språk har tapt desse gamle formene. Difor er dei slaviske språka særs interessante for forskinga. Ut frå dei kan vi finne ut mykje om tidlegare språk. På denne måten vonar forskarane å rekonstruere indoeuropeiske språk. Eit særmerke på slaviske språk er at dei har få vokalar. Dessutan finst det mange lydar som ikkje finst på andre språk. Særleg vesteuropearar har difor ofte problem med uttala. Men ikkje ver redd – det kjem til å gå bra! På polsk: Wszystko będzie dobrze!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.