egypt
AR
belarus
BE
bulgaria
BG
bangladesh
BN
bosnia
BS
spain
CA
czech_republic
CS
germany
DE
greece
EL
usa
EM
great_britain
EN
esperanto
EO
spain
ES
estonia
ET
iran
FA
finnland
FI
france
FR
israel
HE
croatia
HR
hungary
HU
indonesia
ID
italy
IT
japan
JA
georgia
KA
india
KN
south_korea
KO
lithuania
LT
latvia
LV
india
MR
netherlands
NL
norway
NN
india
PA
poland
PL
portugal
PT
brazil
PX
romania
RO
russia
RU
slovakia
SK
serbia
SR
sweden
SV
ukraine
UK
vietnam
VI
china
ZH

Det konstruerte språket esperanto

Engelsk er det viktigaste verdsspråket i dag. Alle bør vere i stand til å samtale på det språket. Men andre språk vil òg nå dette målet. Til dømes dei konstruerte språka. Konstruerte språk blir utvikla og utarbeidde medvete. Dei har ein plan for korleis dei skal lagast. I konstruerte språk blir element frå ulike språk blanda. Dermed burde dei vere lette å lære for flest mogleg menneske. Målet for dei konstruerte språka er altså den internasjonale kommunikasjonen. Det mest kjente av dei konstruerte språka er esperanto. Det vart fyrst presentert i 1887 i Warzawa. Grunnleggjaren var legen Ludwik L. Zamenhof. Han meinte at kommunikasjonsproblem var hovudgrunnen til ufred. Difor ville han lage eit språk som kunne binde saman folk. Med det språket skulle alle menneske tale saman på like fot. Tilnamnet på legen var Dr. Esperanto, den håpefulle. Det viser kor mykje han trudde på draumen sin. Ideen om universell forståing er rett nok mykje eldre. Til no er det utvikla fleire forskjellige konstruerte språk. Dei er ofte tilknytte verdiar som toleranse og menneskerettar. I dag blir esperanto tala i meir enn 120 land. Det finst òg kritikk mot esperanto. Til dømes kjem 70% av ordforrådet frå romanske språk. Elles er esperanto tydeleg indoeuropeisk prega. Esperanto-brukarane utvekslar idear på konferansar og i klubbar. Dei organiserer treff og føredrag regelmessig. No, har òg fått lyst til å lære esperanto? Ĉu vi parolas Esperanton? – Jes, mi parolas Esperanton tre bone!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2015. All rights reserved.