AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språk og dialektar (ikkje alt innhald i teksten stemmer for Noreg)

Det finst mellom 6000 og 7000 språk i verda. Talet på dialektar er sjølvsagt langt høgare. Men kva er skilnaden på eit språk og ein dialekt? Dialektar er alltid farga av staden dei er frå. Dei høyrer altså til dei regionale språkvariantane. Dermed er dialektane den språkforma med minst rekkjevidd. Som regel blir dialektane berre tala, ikkje skrivne. Dei lagar sitt eige språksystem. Og dei fylgjer eigne reglar. Teoretisk kan alle språk ha mange dialektar. Alle dialektane fell innunder standardspråket i landet. Standardspråket blir forstått av alle menneske i eit land. Med det språket kan sjølv fjerntliggjande dialektbrukarar samtale. Nesten alle dialekter blir mindre viktige. I byane høyrer du knapt dialektar meir. I yrkeslivet òg blir standardspråket meir brukt. Difor blir dialektbrukarar sett på som uutdanna bygdafolk. Likevel finst dei i alle sosiale lag. Dialektbrukarar er ikkje mindre intelligente enn andre. Tvert imot! Den som pratar ein dialekt, har fleire fordelar. Til dømes på eit språkkurs. Dialektbrukarar veit at det finst forskjellige språkformer. Og dei har lært å veksle raskt mellom ulike språkstilar. Difor har dialektbrukarar ein høgare kunnskap om språkvariasjonar. Språkkjensla deira fortel dei kva språkstil som passar til ulike situasjonar. Det er til og med prova vitskapleg. Altså: Hald på dialekten din – det løner seg!

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.