AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Alfabet

Med språk kan vi gjere oss forstått. Vi seier til andre kva vi tenkjer eller føler. Skrifta har òg denne funksjonen. Dei fleste språk har ei skrift. Skrifta er bygd opp av teikn. Teikna kan sjå forskjellige ut. Mange skrifter er bygde opp av bokstavar. Desse skriftene heiter alfabet. Eit alfabet er ei ordna mengd med grafiske teikn. Desse teikna blir sette saman til ord etter bestemte reglar. Kvart teikn har ei fast uttale. Ordet alfabet kjem frå gresk. Der heiter dei to fyrste bokstavane alfa og beta. Gjennom historia har det funnest mange ulike alfabet. For meir enn 3000 år sidan brukte menneska skriftteikn. Tidlegare var skriftteikna magiske symbol. Berre få menneske visste kva dei tydde. Seinare har teikna mista den symbolske tydinga. Bokstavane i dag tyder ingenting i seg sjølve. Det er fyrst i kombinasjon med andre bokstavar dei får ei meining. Skrifter som den kinesiske fungerer annleis. Dei ser ut som små bilete, og viser ofte det dei tyder. Når vi skriv, kodar vi tankane våre. Vi bruker teikn for å fastsetje kunnskapen vår. Hjernen vår har lært å avkode alfabetet. Teikn blir til ord, ord blir til idear. På denne måten kan ein tekst overleve i tusenvis av år. Og framleis kan han bli forstått...

text before next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.