AR

BE

BG

BN

BS

CA

CS

DE

EL

EM

EN

EO

ES

ET

FA

FI

FR

HE

HR

HU

ID

IT

JA

KA

KN

KO

LT

LV

MR

NL

NN

PA

PL

PT

PX

RO

RU

SK

SR

SV

UK

VI

ZH

Språklæring mot Alzheimer

Den som vil halde hjernen i form opp i alderdommen, bør lære språk. Språkkunnskap kan verne mot demens. Det har fleire vitskaplege studiar vist. Kor gamal du er når du lærer eit nytt språk, spelar inga rolle. Det viktige er at hjernen får trening jamnleg. Å lære nye ord aktiverer ulike område i hjernen. Desse områda styrer viktige tankeprosessar. Folk som kan fleire språk, er dessutan meir merksame. Dei er òg betre til å konsentrere seg. Å vere fleirspråkleg har andre fordeler i tillegg. Fleirspråklege menneske er betre til å bestemme seg. Dei kjem fram til avgjerder fortare. Det er fordi hjernen deira har lært å gjere val. Hjernen kjenner minst to omgrep for same sak. Kvart av desse omgrepa utgjer eit mogleg val. Difor må fleirpråklege konstant gjere val. Hjernen deira har øving på å velje mellom fleire saker. Denne treninga hjelper ikkje berre språksenteret. Fleire område i hjernen har godt av å lære fleire språk. Språkkunnskap fører òg til betre kognitiv kontroll. Sjølvsagt kan ikkje språkkunnskap hindre demens, men sjukdomen utviklar seg saktare hjå fleirspråklege. Hjernen deira ser ut til å vere betre i stand til å kompensere for sjukdomen. Symptoma på demens er ikkje så tydelege hjå dei som lærer språk. Forvirringa og gløymska er ikkje så alvorlege. Gamal og ung har dermed like stor nytte av å lære språk. Og: for kvart språk blir det lettare å lære eit nytt. I staden for medisinar burde vi gripe til ordboka!

next text

© Copyright Goethe Verlag GmbH 2018. All rights reserved.